Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Olaf Almenningen rundar 75 år

Målstrevaren, filologen, vestlandspatrioten og sportsidioten Olaf Almenningen fyller 75 år 29. januar. Den blidspente vossingen har sett djupe spor i rollene som vitskapsmann og aktivist for nynorsken. I heidersskriftet han fekk ved 70-årsmerket, gjev redaktørane stikkord for eit flittig liv – Skrivaren (dagleg leiar av Noregs Mållag), Leksikografen (med 1300 ordboksspalter bak seg i Norsk Ordbok), Pedagogen, Dialektologen, Språkhistorikaren og Målreisingskjennaren.