Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

Det var ikkje mykje teikn til liv i skogen, bortsett frå nokre elgspor som gjekk tvers over eit lite tjern, akkurat inn der ein liten bever hadde streva fælt med eit hus for nokre år sidan. Men to liv var det likevel der. Eit brødrepar hadde rydda seg kvar sin gard for mange herrens år sidan. Dessverre hadde det meste grodd igjen. Slipesteinen var full av mose, og midt i stien på veg til utedoen var ei lita bjørk i ferd med å vekse opp.