Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sorg: Thor Magnus Tangerås imponerer med språkmedvitne dikt.

O ljom av snøfjom

KREATIV: Thor Magnus Tangerås skriv verselinjer fulle av små, friske gåver til nynorsk språk. FOTO: TOVE K. BREISTEIN

Du skal ikkje døme boka etter omslaget, heiter det, men både bokbunad og omslagstekst gir stundom ein god indikasjon på kva ein har å gjere med, når ein sit med eit nytt verk i handa. Då eg las vaskesetelen på Thor Magnus Tangerås si diktsamling, der det heiter at «Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som er borte, og dei som er att», var min fyrste tanke: Har ikkje denne boka allereie vore utgitt? På sett og vis har den jo det, eit utal gongar gjennom litteraturhistoria: den naturnære, kjenslevare skildringa av sorg over eit menneske som er vekke, blanda med refleksjonar rundt æve og dei store spørsmåla. Og snø eller regn som fell. Ordet sentrallyrisk melder seg raskt, og eit strekke fullt av fallgruver, i form av lettvint filosofering og overdriven patos, buktar seg faretrugande langsmed den ujamne høgremargen. Han gjer det med andre ord ikkje lett for seg sjølv, den femti år gamle debutanten Tangerås. Kan han likevel lukkast i å bringe noko særeige til torgs?