ØKONOMI: Fleire økonomar meiner høg inflasjon og solid økonomisk aktivitet tilseier at sentralbanken kan komme til å setje opp renta endå fleire gonger enn signalisert. Noregs Bank og sentralbanksjef Øystein Olsen kjem til å følgje planen om å halde styringsrenta på 0,5 prosent når banken offentleggjer renteavgjerda torsdag, ifølgje økonomane. Det kan bety at vi får fire renteaukar i år – ikkje tre, som sentralbanken signaliserte i «Pengepolitisk rapport» i desember. – Det ser ut til å vere det rimelegaste utfallet, seier sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets. I desember vekte det ein del merksemd at rentekomiteen ikkje hadde lagt større vekt på uvissa omkring omikronvarianten.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene