Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Statsråd Tonje Brenna (Ap) varslar nye tider for private barnehagar:

Vil skvise dei store

STORE PENGAR: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) vil ha større offentleg kontroll over barnehagesektoren. Her er ho i Kunnskapsdepartementet.

NY VÅR: Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho har ambisjonar om å kome til Stortinget med innstrammingar for private barnehagar i vår.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) vil ta grep for å stogge store private barnehageeigarar. Ho har som ambisjon å leggje fram forslag for Stortinget i vår, fortel ho.

I november stod Private Barnehagers Landsforbund (PBL) i spissen for ein aksjon der fleire private barnehagar rundt om i landet stengde dørene i protest mot regjeringa sitt budsjettkutt i barnehagane sitt pensjonstilskot.

Brenna seier kuttet i det såkalla pensjonspåslaget for private barnehagar var starten på regjeringa sitt arbeid med eit nytt regelverk for private barnehagar.

– Pengane må gå til barnehagebarna, vi må sikre oss demokratisk kontroll over sektoren, og kommunane må få større innflytelse, seier ho.

Vil ha større innsyn

Regjeringa ønskjer seg større openheit om korleis private barnehagar disponerer offentlege midlar, og frå januar i år fører det offentlege for første gang tilsyn med økonomien til private barnehagar.

Overfor VG varsla Brenna i haust fleire innstrammingar som regjeringa vurderer, og som Brenna no seier kan ende opp hos Stortinget i løpet av våren.

  • Regjeringa vil vurdere å gjere kvar einskild privateigde barnehage til såkalla «sjølvstendig rettssubjekt».

– Det betyr at kvar barnehage må legge fram eigne rekneskap, sjølv om barnehagen er del av eit større konsern, seier Brenna.

  • Regjeringa vil også vurdere å leggje ned forbod mot at selskap som driv barnehagar, samstundes kan drive med anna verksemd – og å forby private barnehagar å ta opp lån andre stadar enn hos banken.

– I dag er det slik at om eit selskap som driv barnehagar også driv andre typar verksemder, kan barnehagen ta lån hos ei av dei andre verksemdene, seier Brenna.

  • Regjeringa vil gje private barnehagar meldeplikt overfor kommunen ved eigarskifte, eller dersom det blir gjort organisatoriske endringar i barnehagen.

– I dag er det slik at private barnehagar har ein evig rett til tilskot. I kommunar der barnetalet går ned, er det kommunale barnehagar som må legge ned. Vi vil gi kommunane større innflytelse over korleis barnehagetilbodet totalt sett er forma ut, seier Brenna.

Er pressa frå venstre

Ap/Sp-regjeringa blir pressa av SV og Raudt som er utolmodige, og som krev eit totalforbod mot profitt i barnehagesektoren. Dei to partia har gått saman om eit forslag som ber regjeringa ta fleire grep for å sikre profittfrie barnehagar.

I morgon er det høyring om forslaget i Stortingets utdannings- og forskingskomite.

– Målet er å få ein slutt på profitt og kommersialisering i barnehagesektoren, seier stortingsrepresentant for SV Freddy Øvstegård.

Forslaget får ikkje stønad frå Ap/Sp-regjeringa. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier regjeringa med sin eigen prosess er i gang med omfattande innstrammingar.

– SV og Raudt slår inn opne dører. Men på innsida av døra står eg med opne armar, seier ho.

Debatten om profitt i private barnehagar har spissa seg til over tid.

I ein serie med artiklar i haust viste Klassekampen at dei fire største privateigde barnehagekjedene har styrka posisjonen sin. Desse eig kvar tredje private barnehage, og lønsemda her er langt større enn det som er normalt for andre privateigde barnehagar.

«Pengane må gå til barnehagebarna»

TONJE BRENNA (AP), KUNNSKAPSMINISTER

I Hurdalsplattformen lovar regjeringa å stramme inn regelverket for private barnehagar, i lys av tilrådingane i det såkalla Storberg-utvalet som la fram si utgreiing av finansiering av private barnehagar i fjor.

Brenna seier det regjeringa no kjem med, er i tråd med desse tilrådingane.

– Først må ein gjere endringar av lovverket, som er det vi vil gjere no. Så vil vi endre finansieringssystemet som ein konsekvens av endringar i lovverket, seier ho.

SV krev fleire grep

SVs Freddy Øvstegård seier tiltaka Brenna kjem med, er grep som SV har tvunge regjeringa til å gå med på i budsjettforhandlingane.

Han meiner ei rekkje grep framleis må på plass dersom regjeringa skal lukkast med å strupe profitten i private barnehagar.

– Det må kome eit lovfesta forbod mot profitt. Kommunal forkjøpsrett av private barnehagar må også inn i lova. Og så må vi kvitte oss med stykkprisfinansieringa i barnehagen, seier Øvstegård.

Brenna vedgår at det finst ein nyanse mellom SV og Raudt sitt krav om forbod mot profitt og det regjeringa jobbar mot. Regjeringa vil ikkje lovfeste eit forbod mot profitt for private barnehagar.

– Den eine nyansen mellom oss og SV og Raudt er at dei vil slå fast at alt skal vere heilt profittfritt. Det kan kome til å ramme dei små, enkeltståande barnehagane på ein måte vi ikkje vil, seier Brenna og legg til:

– Mitt syn er at den graden av profitt vi ser hos dei store konserna, aldri skal oppstå i utgangspunktet. Då må vi endre reglane.

Brenna seier målet ikkje er å gjere det vanskeleg for sjølvstendige privateigde barnehagar.

– Det skal vere mogleg å leve av å drive barnehage, og dei små private må også kunne ta ut noko overskot som dei kan investere i eige bygg og drift, seier ho.

Kvar krone

Øvstegård seier SV deler regjeringa sin ambisjon.

– Her er det viktig å skilje mellom profitt og overskot. Det er supert at sjølvstendige private barnehagar går med overskot som dei investerer i barnehagen. Profitt er når private eigarar hentar ut overskotet til seg sjølve eller til konsernet, seier han og legg til:

– Vi vil mellom anna slå heilt eintydig fast i lova at kvar krone som det offentlege gjev til barnehagedrift, skal gå til barna og dei tilsette og ikkje til privat vinning.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production