Du kan bla til neste sideBla med piltastene

OH, MY DARCY-DAYS!

BBC toppar 100-årsfeiringa med «våt skjorte»

Den britiske allmennkringkastaren vart skipa i 1922 (same år som David Attenborough ifølgje legenda fekk sin første jobb i organisasjonen) og feirar altså 100 år i 2022. Vi gratulerer! BBC har vore gullstandarden for all verdas paternalistiske kringkastingsselskap, som kvar og ein på kvar sine språk har heidra læremeisteren med å herma diksjonen til BBCs nyhendeopplesarar. Jubileet burde jo ha vore feira med pomp og prakt og offentlege resitasjonar av alle dei BBC-sende talane til dronning Elisabeth II, men covid-19 er covid-19, så inntil vidare må BBC nøya seg med ei digital 100-årsutstilling som viser 100 ikoniske artefaktar. Her kan ein sjå jobbutlysinga frå 1935, som for første gong søker etter ein kvinnelege programvert, og ein vinylsingel av «All You Need Is Love», som The Beatles i 1967 lansert live i verdas første satellitt-distribuerte tv-sending.