Kjære brurepar. De står her i dag i Guds åsyn for å knyta det heilage bandet mellom mann og kvinne. Dette bandet som har forma og lagt grunnlaget for generasjonar av menneske før dykk. Bandet som blir skapa når mann og kvinne møtest og bestemmer seg for å bli til ei eining, ein tanke, og ei and.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Innsyn
I dagArne Horge, hovslagar
Det var den tidi eg fór ikring på bygdene og skodde hestar. Eg stod på eit gardstun i Skjolden i det regnfatige Indre Sogn, og eg skoda dei himmelhøge fjelli kring fjordarmen og vatnet og bygdi, og eg vart vare eit par eirgrøne småe bøter høgt uppe i eine bergasida, og eg sa det ved bonden at dit upp var det vel berre geitene som våga seg? – Han drog på det, bonden. – Nei, han trudde ikkje at geitene kom so høgt, svara han, men i gamle dagar våga nok husmannskjæringane seg til å klive upp for å skjera graset!