God dag, og takk for sist. Dette er viktig. Det står eit skåp her i stova. Nokon hadde sett det igjen på ein parkeringsplass i nabolaget, og eg hadde ikkje hjarte til å la det stå. Som eit nyfødd born i ei søppelkorg på ein brannstasjon stod det der og lengta etter nokon som skulle ta det med inn i varmen. Det vart meg. Så no sit eg og skåpet her og stirar på kvarandre. Eg har sloppe det inn i varmen, men skåpet slepp ikkje inn meg. Eg har ikkje nykelen, og bak skåpdøra kan eg skimte ein liten mystisk boks. Her om dagen la eg med på rygg og aka meg under skåpet for å sjå om det var ein bakveg. Det var det ikkje. Men eg fann ein signatur. Skjæveland Møbelfabrikk Ganddal, står det. Tenk om det er ein Skjæveland som sit på nykelen? Eller er det ein skåpsamlar frå ein krik i landet som sit på ein ekstra nykel, eller er det ein gamal møbelkrok på Jæren som har saga og pussa og limt og olja og gløymt å sende med nykelen? Ikkje veit eg, men eg vil gjerne ha fatt i ein nykel. Det er til og med ei lyspære og ein brytar inni der! Men fungerer ho? Eg veit ikkje. Det har ikkje kribla like mykje i magen sidan dei leita etter juletrefoten på Vertshuset den gyldne hale. Ver så snill og hjelp meg! Har du ein nykel til overs? Kontakt meg i så fall.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene