Ivar Johansen har delt denne artikkelen med deg.

Ine Eriksen Søreide var med på å forhandla fram forsvarsavtalen med USA. Ho tek kritikken med ro:

Avfeiar alle innvendingar

IKKJE UROA: Ine Marie Eriksen Søreide (H) forhandla som statsråd fram den nye forsvarsavtalen med USA. No er ho stortingsrepresentant, og ho er framleis godt fornøgd med avtalen. Kritikken mot han er skivebom, meiner ho. Her treff ho på ein politihest i Oslo.

FORNØGD: Ine Eriksen Søreide (H) tek seg ikkje nær av kritikken som kjem mot forsvarsavtalen regjeringa hennar forhandla fram.

Førre veke gjekk høyringsfristen ut for den nye tilleggsavtalen mellom USA og Noreg. Frå fleire hald har det kome uro over både norsk lov, folkeretten og om avtalen er med på å fyre opp Russland.

Avtalen opnar mellom anna for at USA kan byggje opp militær infrastruktur på fire norske militærbasar og disponere desse.

Tidlegare utanriks- og forsvarsminister og noverande leiar i utanrikskomiteen på Stortinget Ine Eriksen Søreide (H) er ikkje einig i kritikken frå enkelte hold. Avtalen som ho var med å forhandle fram, er både god og heilt i tråd med det som har vore vår tilnærming til USA og andre allierte i meir enn 70 år, meiner ho.

– Det var eit stort behov for ei ny avtale. For Noreg er det ein viktig del av forsvarskonseptet vårt med forsterkning i krise eller krig, og for amerikanarane har det vore ønskjeleg å få på plass meir heilskaplege og moderne avtaler med land, seier Søreide og legg til:

– Det kan til dømes bidra til enklare flytting av materiell og personell mellom land i ein krisesituasjon.

Ulike oppfatningar

Tidlegare denne veka var Julie Wilhelmsen, utanriksforskar ved Norsk institutt for utanrikspolitikk (Nupi), ute i Klassekampen og fortalde at ho ser avtalen i lys av at Noreg er stadig meir oppteken av å avskrekke, ikkje berolige, Russland.

Ho meiner at russarane vil oppfatta avtalen som endå ein avtale som gjev amerikanarane tilgang til å posisjonere seg endå nærare den russiske grensa.

Søreide meiner at Wilhelmsens kritikk ikkje treff.

– Eg meiner det er ein heilt uriktig analyse. Balansen mellom avskrekking og beroligelse i møte med Russland ligg framleis til grunn i avtalen. Det store paradokset er at alternativet til denne avtalen og det forsterkingskonseptet Noreg har hatt siden krigen, er å faktisk ha militære basar på norsk jord, også i fredstid. Det har det aldri vore noko ønske om frå norske styresmakter.

Uroa for folkeretten

Den internasjonale domstolen ICJ har i sitt høyringssvar til forsvarsavtalen uttrykt ei uro for om dei folkerettslege forpliktingane til Noreg er godt nok drøfta i arbeidet med avtalen.

Dei peikar og på at det finst døme på at amerikanske militærbasar blir brukt til å avhøyre folk med metodar som strid med folkeretten, og lurer på i kva stor grad Noreg i praksis kjem til å kunne hindre at det skjer.

Det er ikkje Søreide uroa for.

– Eg meiner dette er veldig god greia ut, seier ho.

Søreide viser til at område ikkje vil vere «eksklusivt for amerikanarane» og til at det også vil «vere norske styrker der».

– Området der amerikanarane har heilt eksklusiv bruksrett, vil vere veldig lite. Tanken om at dette skal vere eit innsmurt område som ingen har tilgang til, er ikkje riktig, seier ho og held fram:

«Alternativet til forsterkingskonseptet er å faktisk ha militære basar på norsk jord, også i fredstid»

INE ERIKSEN SØREIDE (H), STORTINGSREPRESENTANT OG TIDLEGARE STATSRÅD

– Ein av grunnane til at vi har forhandla veldig lenge med amerikanarane, i motsetnad til mange andre land, er at den norske basepolitikken set så tydelege skrankar for oss.

Kan du då garantere at desse basane ikkje kjem til å bli brukt til å torturere mistenkte terroristar, til dømes?

– Dette er norske basar med norsk ledelse og kontroll på vanleg måte. Det er derfor ingenting i avtalen som tilseier at det skal skje. Det er norske styresmakter som følger opp avtalene.

Sivile på basane

Ein annan instans som har uttalt seg i høyringa til avtalen, er Generaladvokaten, som er den militære påtalemakta i Noreg.

Generaladvokaten peikar i sitt høyringssvar på at det ser ut til at avtalen opnar for at amerikanske militære kan bruke makt mot norske sivile på desse basane, dersom det er til hinder for amerikanske operasjonar å ikkje gjere det.

– På desse områda vil det jo vere sivile, og det er tale om nokre få enkeltsituasjonar der det kan vere naudsynt for amerikanarane å gjere tryggleikstiltak. Men det er norske styrkar som skal stå for tryggleiken på desse basane, seier Søreide.

Retting 17. desember: Den opprinnelige saken gikk i trykken før vi hadde fått endelig sitatsjekk, og flere punkter som omhandler hva Ine Eriksen Søreide sier og mener, er derfor endret.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production