Jeg har sluttet med julegaver. Både det å få og det å gi. Rett skal være rett, det kan ikke gå én vei.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Jolegåver 2020
I dagRandi Jåstad, Norheimsund
Før om åra har eg gitt gåvekort til kino eller fotterapeut som jolepresangar, men dette året kan det lokale kraftverket vera eit godt alternativ. Kanskje 750-kilowatttimar er høveleg gåve til den gamle tanta mi, som bur i eit eldre, trekkfullt hus – karakterisert som ærverdig villa. Sjølv om huset er ærverdig, er det ikkje mykje godt å seia om isolasjonen i veggane. Gamle avispapir – blanda med saueull og sagflis – er stappa inn bak listene rundt vindaugo. Ikkje akkurat energivenleg.