Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sjukdomshistorie: Lina Limans forteljing om autisme er augeopnande.

Livreddande diagnose

PEDAGOGISK: Lina Liman skriv nært, personleg og forklarande om autisme. FOTO: SARA MAC KEY sara mac key
Sakprosa

Lina Liman

Kunsten å feike arabisk

Sakprosa

Omsett av Olaug Nilssen

Samlaget 2021, 330 sider

No for tida skal alle ha ein diagnose! Denne ikkje uvanlege utsegna osar av dårleg skjult mistanke om at tilstandane somme påstår å ha, er oppkonstruerte teoriar om slikt alle slit med innimellom. Må dei gjere seg så spesielle? Kan dei ikkje berre ta seg saman? Svenske Lina Limans augeopnande historie viser den andre sida: korleis skamma kryp inn der forklaringar manglar og kan ta siste rest av håp frå den som ikkje «berre» kan ta seg saman.