Har du brukarreisesjuketablettar?

Det er vanleg med både bilsjuke og sjøsjuke, når balansefølarane i hovudet kjem i ulage med synsinntrykka. I sjøsjuke er det som kjent to steg: Først trur du at du skal døy. Så ønsker du faktisk å døy. Eg er ikkje heilt der etter dagens reise, sjølv om eg innser at noko er i ferd med å døy, nemleg gangsynet i språkbruken i offentleg sektor. Vi er i skulesamanheng vande med å bruke ord som utdanning, danning, læring, klokskap, teori, praksis, elevar, studentar, erfaring og liknande utryddingstrua omgrep. Eg skjønar at i byråkratordboka er desse plassert under D for «Dinosaur».