Ein av dei kloke tankane ein kan ta med seg frå Håvamål, er at det ofte er betre å teie enn å tale. Juan Ochoa-Echevarria har kanskje tenkt litt på det dei siste vekene. Som kultursjef i den vesle svenske kommunen Tranemo, deltok han i fjor haust på eit møte med kulturforvaltinga. Eit punkt på dagsordenen var mogleg samarbeid med poeten Jimmy Alm, som nyleg hadde flytta til kommunen.
Nær: Med vekslande hell skriv svenske forfattarar dikt i offentlege rom.