HELSE: Akershus universitetssjukehus (Ahus) hadde nesten dobbelt så mange intensivpasientar som intensivplassar måndag. Seksjonsleiaren seier sjukehuset er hardt pressa. Ahus har ti intensivplassar, men hadde måndag 18 intensivpasientar. Postoperativ og medisinsk overvaking har overteke dei minst akutt sjuke pasientane, melder VG. – Det er eit hardt press inn mot sjukehuset no, så vi er spente på utviklinga med covid og andre typar pasientar dei neste vekene, seier seksjonsleiar Sylvi Vullum til avisa. Vullum fortel at talet på innlagde kan endre seg på kort tid. Tysdag er det elleve koronapasientar på intensiven, og fem får respiratorbehandling. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene