Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå by til bygd

Eg har aldri mistrivst i byen. Eg likar både fancy øl og god kaffi. Kanskje eg til og med er litt urbant anlagt? Men no skal eg altså flytta til eit lite lokalsamfunn inst i ein fjord på Vestlandet. Kommunen heiter Suldal. Den er gigantisk i areal, men liten i folketal – snaue fire tusen folk. Sjølv om folketalet er på storleiken med ein studentby i Oslo, er dette Noregs største kraftproduserande kommune, dei husar Nord-Europas største steinbrot og no kviskrast det om ei stor satsing på havvind som kan skapa sju tusen jobbar på Jelsa. Med andre ord, det skjer mykje spanande i Suldal.