Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hallo, er det her eg kan fri meg frå patriarkatet?

Gladnytt frå Narcos-land

Dei som lyttar til podkasten The Daily, har høyrt statsreklamen frå Colombia, som lokkar oss til «verdas venlegaste land å gjera forretningar i». Kvinnerøysta er inderleg, men bilda frå «Narcos», som kjem på netthinna når Colombia og business blir nemnde saman, er vanskeleg å fortrenga. Statistikk som viser seksualovergrep mot colombianske kvinner kvar halvtime, hjelper heller ikkje.

Men no prøver valdsmenn å prata seg til betre liv og rykte. The New York Times skriv at Bogotá (etter initiativ frå sin lesbiske ordførar Claudia López) har fått ein hjelpetelefon for sjalu og sinte menn, som er valdelege mot kvinner. Menn frå alle samfunnslag ringer og ber om å få hjelp ut av patriarkatet! GK