Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Baby i parlamentet skapte kontrovers i dansk politikkHeller ikkje lov i Noreg

Får ikkje amme i salen

PÅ PLASS: Anja Abudsland (25) er ny i Sps stortingsgruppe. Ho har med tre månader gamle Aurora på jobb i nokre veker, før dei to skal ha permisjon heime på Sørlandet.

AMMING: Fersk stortingsrepresentant Anja N. Abusland (Sp) går med baby på armen i Stortinget, men får ikkje ta med tre månader gamle Aurora inn i salen.

Når landets fremste folkevalde møtes i stortingssalen, har ikkje representantane lov til å ha med seg nyfødde barn.

Det stadfestar stortingsadministrasjonen i ein e-post til Klassekampen.

Dermed er det heller ikkje ope for at representantane kan amme medan dei sit i salen.

Spedbarn i parlamentet har skapt kontroversar i Danmark, etter at den danske parlamentarikaren Pernille Skipper frå partiet Enhedslisten tidlegare denne månaden vart kasta ut av Folketinget då ho tok med seg sin nyfødde baby inn i salen. Skipper fekk barn i august og har ikkje teke fødselspermisjon. I staden har ho barnet med på jobb.

Har med baby på jobb

Anja N. Abusland (Sp) frå Søgne i Agder er nyinnvalt stortingsrepresentant og nybakt mor. Ho har med seg Aurora (3 månader) på jobb. Abusland fortel at ho ville bruke litt tid på å kome inn i ting før ho skal gå ut i permisjon om nokre veker. Dermed er også Abusland sin sambuar, som til dagleg jobbar som røyrleggar, med i Stortinget og passar på dottera medan mor er i møte.

Abusland seier ho forsøkte å lese seg opp på regelverket, men at ho ikkje fann retningslinjer for spedbarn eller amming på Stortinget.

– Eg gjekk vegen gjennom partigruppa for å finne ut korleis vi kunne legge til rette for amming. Når det gjeld stortingsmøte, så kan eg gå til og frå salen så lenge det ikkje er votering. Når det er votering, kan eg ikkje gå ut av salen. Det har ikkje vore eit problem enno, for det har ikkje vore lange voteringa, seier ho og føyer til:

– Men eg kan sjå føre meg at dersom det hadde vore ein situasjon der ei votering tok lang tid, og eg ikkje kunne gått ut av salen, så kunne det vore eit problem. Heldigvis tek min baby flaska når eg pumpar, men det gjer ikkje alle babyar. Elles måtte eg søkt om utbytting, altså at ein annan møtte i min stad.

Abusland seier ho ser argument mot å tillate spedbarn i stortingssalen, særleg for å unngå støy, men syns det burde vere høve til å gjere unntak frå regelen.

– Ein burde kanskje sjå litt på det. Eg ville heller ikkje sagt automatisk nei. Når eg kan gå til og frå møta, er det fleksibelt nok. Utfordringa er først og fremst knytt til votering. I arbeids- og sosialkomiteen som eg er medlem av har det vore heilt uproblematisk å ha med meg dottera mi, og eg kan amme henne der dersom eg vil det, seier Abusland.

Burde klargjere

Abusland meiner Stortinget burde klargjere retningslinjene sine for amming.

– Når det ikkje er klart kva som er lov og ikkje lov, og kvar det er høve til å ha med barn og ikkje, så er det lett å tenkje at ein berre bør la det vere. Om ein veit på førehand at det er lov, så er det lettare å planlegge, seier ho.

Ho legg til at Stortinget har vore tydeleg på at ho har rett til å ha med sambuaren på jobb og i tenestereiser for å legge til rette for amming, noko ho syns er bra.

– Kanskje blir Aurora sitt første ord «president», smiler ho.

Ikkje møtt på problemet

Stortingspresidenten sjølv, Eva Kristin Hansen (Ap), skriv i ein e-post til Klassekampen at ho har som mål å vere fleksibel, men at ho aldri i løpet av sine 16 år på Stortinget har opplevd det som ei problemstilling at det ikkje er lov med spedbarn i stortingssalen.

Hansen peikar også på at representantane ikkje må vere til stades i salen til ei kvar tid, at det er høve til såkalla utbytting eller å følgje møta på live-streaming. «Sånn sett vil det alltid vere mulig å få ammet sitt barn», skriv stortingspresidenten.

«Vi har hatt ammende stortingsrepresentanter tidligere, og det vanlige i slike situasjoner har vært at noen andre passer barnet i vandrehallen, og at det ammes når mor er ferdig i salen. Det virker til å ha fungert bra», avsluttar ho.

Amma under tale

Utkastinga av Skipper frå folketingssalen har skapt debatt i det politiske Danmark.

Nokre meiner ho burde få ha med spedbarnet i folketingssalen, andre meiner politikaren medvite har brote parlamentet sine reglar for å skaffe seg merksemd. Dette er ikkje første gong babyar skaper kontroversar i dansk politikk. I 2019 vart også konservative Mette Abildgaard kasta ut av folketingssalen då ho tok med seg si nyfødde dotter inn i salen.

På Island fekk den konservative parlamentsmedlemmen Unnur Brá Konráðsdóttir på si side ros då ho i 2016 amma sitt nyfødde barn medan ho heldt eit innlegg om asylpolitikk.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production