Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skulefråvær er ofte helserelatert

IKKJE SKOFT: Det registrerte fråværet på grunnskule og vidaregåande skule gjekk ned på grunn av endra fråværsreglar under pandemien. Endringa i fråværsreglane gjekk ut på at stadfesta helserelatert fråvær ikkje skulle medreknas, ifylgje Utdanningsdirektoratet. – Nedgangen i fråværet kan tyde på at mykje av fråværet normalt er helserelatert, heiter det vidare i meldinga på nettsidene til direktoratet. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har merka seg dette. – Det er interessant å ta med oss når den nye regjeringa no skal vurdere fråværsregelverket i vidaregåande skule, seier ho i ei pressemelding. ©NPK