Jens Olai Jenssen og Elisabeth Lønnå
Katti Anker Møller.
Sakprosa
En biografi
Pax forlag 2021, 238 sider
«Jeg har innsuget kvinnesaken fra jeg kunne tenke,» sa Kathrine (Katti) Anker Møller til dei hundre gjestane som feira 70-årsdagen hennar i 1938. Elisabeth Lønnå og Jens Olai Jenssen har skrive biografi om denne kvinna, som vart fødd i 1868 og døydde i 1945 – ei norsk heltinne. Ho var den første som kravde rett til sjølvbestemt abort, og ho stod i spissen for ei rad tiltak for mor og barn.