LANDSMØTE: KrF planlegg ekstraordinært landsmøte 13. november, etter det avisa Dagen erfarer. Planlegginga av det ekstraordinære landsmøtet kjem fram i eit saksdokument administrasjonen sende ut til medlemmene i landsstyret til partiet onsdag, skriv Dagen. Landsstyret til partiet møtest i dag for å diskutere den vidare prosessen rundt leiarvalet i partiet, etter at det vart kjent at Kjell Ingolf Ropstad går av etter pendlarbustad-saka. Stortingsrepresentantane til partiet Olaug Bollestad og Dag-Inge Ulstein er utpeika som favorittar til å ta over leiarvervet. KrFs kommunikasjonssjef, Elisabeth Løland, ønskjer ikkje å kommentere dokumentet.©NPK