Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

Det er fasinerande korleis tankane manar fram minne frå svunne dagar. Som i dag då eg sykla til jobb og i den bratte bakken opp til barnehagen blir passert av ein bil med ein kaffikopp på taket. Einsleg balanserer koppen på toppen av bilen og held festet sjølv nedover bakken. Eg veiver med armane og klarer å stoppa bilen. Eg forsøker å gi beskjed til den intetanande sjåføren, som tar ned glaset. Eg roper frå sykkelen at det står ein kopp på taket, men han må ha høyrt feil. I alle fall tar han vindauget opp att og køyrer vidare, mens eg forsøker å få fart på sykkelen att oppover bakken.