Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tippar over: I «De greske mytene» kjem gamal visdom og nyare banalitetar i konflikt.

Barbie på Olympen

TRIPPAR PÅ TÅ: Athene, her med Persevs. ILLUSTRASJON: STELLA EAST/J.M. STENERSENS FORLAG

«De greske mytene. Guder og helter fra de gamle fortellingene» av Inger Merete Hobbelstad er ei tung og solid innbunden bok med utsøkt papirkvalitet, fin trykk og forseggjorde border på kvar side. På omslaget står det at Hobbelstad er ein formidabel formidlar av klassisk danning. Så det er med stor respekt at eg gjev meg i kast med denne prosagjengjevinga av antikk gullalderdikting.