Dei får køyrt seg no i it-avdelingane i Kabul. Når Taliban tek makta, så må dei starte heilt på scratch med adgangskort, brukarar til pc, og korleis er det printarane verkar no igjen? Eg kan ikkje førestille meg nokon som har kortare lunte enn tre sjølvmordsbombarar i kø til morgonkaffien som ikkje har fått orden på korleis kaffimaskina i gangen fungerer, eller om dei står fast i heisen fordi adgangskortet ikkje er aktivert. Ikkje berre står ein med skjegget i printeren når ein skal booke møterom, det er eit helsike uansett kor mykje erfaring og lite skjegg ein har, men alle møteromma må jo ha nye namn. Sentralkomiteen i Taliban kan ikkje ha strategimøte for kvinneundertrykking i Hamid Karzai-rommet eller Washington-rommet.