Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Israel bruker den historiske jødeforfølginga til å legitimere overgrep mot palestinarane og gjere seg immun overfor internasjonal rett.

Israels sakrale teflonferniss

© Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Ein nye runde er tilbakelagt i det som i norske massemedium oftast blir framstilt som ein konflikt mellom staten Israel og den palestinske organisasjonen Hamas. Med dén vinklinga er premissar lagt for korleis ein bør forstå konflikten, for alle veit at Hamas er brennemerka som ein terrororganisasjon av USA og EU. Den enkle dikotomien formidla til opinionen er at her står «terror» mot «demokrati»; og det mest sjølvsagde av alt er at eit demokrati må få «forsvare» seg. Då hjelper det lite at terrorhandlingane til den israelske statsmakta, med eit stort spekter av raffinerte valdsmiddel, langt overgår dei Hamas har stått for.