Maria Lavik
Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom
Sakprosa
Samlaget 2021, 154 sider
Forskjellane i Noreg aukar, og det viser seg ikkje berre i at vi har fått fleire milliardærar. Talet på barn som veks opp i relativ fattigdom – altså ikkje i rein naud, men langt under den standarden fleirtalet av nordmenn nyt – har blitt tredobla sidan 2001. Dette er utgangspunktet for Maria Laviks bok «Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom». I tekstar som ligg ein stad mellom heime hos-reportasje, intervju, faktaformidling og politisk utspel presenterer ho familiar frå ulike delar av landet med kvar sine forhistorier.