Rabarbrateateret syner nok ein gong kva ein folkekomedie kan vere.
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: Molière
Omsett av André Bjerke
Regi: Cengiz M. Nereid og Vilde Søyland
Scenografi: Marie S. Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maske: Leo Thörn
Koreografi: Svetlana Stokke
Komponist og musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Musikarar: Gaute Skrove og Markus Wisth Edvardsen
Med: Øyvind Brandtzæg, Kristoffer Hjulstad, Ida Cecilie Klem, Olavus Frostad Udbye, Kathrine Strugstad, Anna Berentina Røe, Stian H. Pedersen, Bendik S. Nordgaard, Jon Vegard Hovdal og Steffen Fagerbakk.
Rabarbrateateret er ein sjeldan og litt annleis blome i den norske teaterfloraen. I godt over ti år har dei sett opp friluftsteater i Rabarbraparken på Bakklandet i Trondheim, og etter kvart vunne seg ein solid plass hjå publikum. Tolkingane deira av Shakespeares komediar i nordtrøndersk omsetjing overgår alt eg har sett av lystspel. Det er folkekomedie i ordets rette forstand, og slik har dei gjort Shakespeare til allemannseige i Trondheim.