Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekordmange moskuskalvar

FERTILE TIL FJELLS: Moskusbestanden på Dovre reproduserer seg som aldri før. Årets kalveteljing viser ny rekord. – Teljinga viser at det no er 0,81 kalv per vaksne moskusku. Vi har aldri sett så høge tal tidlegare, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen ved viltseksjonen i Miljødirektoratet. Direktoratet har ansvar for å halde oversikt over moskusbestanden i Noreg, og gjennomfører teljingar tre gonger i året. Ved den siste teljinga fann dei totalt 189 dyr. Av desse var 74 eldre moskus og 60 kalvar. – Vi klarer ikkje å finne alle dyra i bestanden om sommaren, men dataa gir eit forholdstal på kor mange kalvar det er per vaksen ku, seier Vangen. ©NPK