Du kan bla til neste sideBla med piltastene
I dag

Døden nærmar seg

Viljen styrer ikkje lenger kroppen. Før da eg låg på sofaen og kvilte, sa viljen plutseleg ifrå: «Nå har du kvilt lenge nok. Nå kan du stå opp». Utan å nøle stod eg opp. Det fall seg så lett. Nå er det ikkje lenger slik. Viljen prøver seg nok. Eg lystrar han ikkje. Eg berre held fram med å ligge. Etter ei stund spør eg meg sjølv: «Kor lenge skal eg ligge? Kva skal få meg til å stå opp når viljen har mista makta si?» Eg finn ingen svar. Plutseleg blir eg overraska, for eg er i ferd med å stå opp. Viljen er utkopla. Tankane har heller ikkje vore i sving. Kroppen handlar heilt på eige hand. Eg forstår det ikkje. Kroppen kan da ikkje handle utan eit kommandosenter. Likevel, det er akkurat det den gjer.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?