Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klokskap er så mangt

ULIK KLOKSKAP: I denne vakre og velspela scena mellom brørne Rasmus og Jacob får vi dokumentert at klokskap kan vere så mangt. Og i bakgrunnen lurar kjærasten Lisbet. FOTO: JON-PETTER THORSEN Jon-Petter Thorsen tlf.41433263

Mange gode tilløp og idear, men regissøren vågar ikkje ta dei heilt ut.

Kilden Teater, Kristiansand

Av: Ludvig Holberg

Regi: Henrik Rafaelsen

Scenografi og kostyme: Kaja Haven

Komponist: Olav Waastad

Lysdesign: Martin Myrvold

Lyddesign: Kristian Bronebakk

Med: Khalid Mahamoud, Lars Funderud Johannessen, Fredrik Høstaker, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Jamel Nemer, Giert Werring, Ann Ingrid Fuglestveit, Lars Emil Nielsen og Anders Hardelan

Med dei siste åras framvekst av forakt for kunnskap og såkalla «alternativ sanning», samstundes som elititismen sit laust blant ein del leiarar, er det neppe tilfeldig at både Kilden teater i Kristiansand og Den nationale scene i Bergen set opp «Erasmus Montanus» denne våren. Meir tilfeldig er det at båe framsyningane blir melde i same utgåve av Klassekampen. Handlingsresymeet er godt presentert i meldinga frå Den national scene, så her skal eg konsentrere meg om regival og framføring i Kildens oppsetjing.