«Siggerud skal få en Venezia-kopi.» Østlandets Blad prydar framsida med at Nordre Follo kommune har store planar om å gjere noko med at Siggerudkanalen vert omtalt som «møkkalangen». Dei skal pusse opp med å byggje tre bryggjer. Nordens Paris, Noregs Monaco. I Bergen ville ein utbyggjar byggje flytande blokker i Store Lungegårdsvannet, omtalt i media som eit «tre-Venezia». For 150 år sidan vart visstnok Arendal omtala som Nordens Venezia. Ifølgje NRK Sørlandet har dei lyst til å få tilbake tittelen. Ifølgje Sandefjords Blad ønskjer Sandefjord å bli Nordens Las Vegas. Dei flotte sjølvbileta norske små- og storbyar har som samanliknar seg med det vakraste – eller verste, som i Sandefjord-tilfellet – ein finn i vestleg kultur. Eg veit ikkje om nokon i Bordeaux tenkjer på å kalle seg Sydens Haugesund. I Arendal er faktisk Snøhetta hyra inn for å fyre opp litt meir lunkne arendalittar. Sørlendingar gjev von for menneskeætta.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene