Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Gass

Sintef spår gigantmarknad for hydrogen

Hydrogenstudien er utført av det norske forskingskonsernet Sintef og det franske petroleumsinstituttet Ifpen, med Deloitte som prosjektleiing.

Studien er i hovudsak finansiert av olje- og gassbransjen, mellom dei Equinor og Norsk olje og gass.

Ein hovudkonklusjon er at hydrogen kan bidra til å fjerne klimautslepp i EU i betydeleg større grad enn det EUs eigne prognosar tilseier.

I studien blir det anslått at etterspurnaden etter hydrogen kan vekse til over 100 millionar tonn i 2050.

Det svarer til 3300 terawattimar – over 21 gonger så mykje som Noregs totale produksjon av elektrisk kraft i dag.

Sintef og Ifpen konkluderer samtidig med at såkalla blått hydrogen vil vere avgjerande for å nå klimamåla på ein kostnadseffektiv måte.

Blått hydrogen er hydrogen som er framstilt av naturgass, men med fangst og lagring av CO2 (CCS).

Den mest kostnadseffektive løysinga vil ifølgje studien innebere ei massiv satsing på CCS, med ein lagringskapasitet på 1400 millionar tonn CO2 per år i 2050.

Det er nesten 1000 gonger så mykje som Noreg skal lagre per år i første fase av det store CCS-prosjektet Langskip.©NPK