Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om ulike organ for styring.

I riktig retning

Real Madrid, rectum, regjeringa Solberg er ikkje berre i slekt; her finn me same ordet, det latinske verbet regere, som tyder å styra. Regjering er ‘styringsorgan’, ein regent er ‘styrande’, og rex har gjennom historia vorte utbreidd ord for konge. (Eit populært hundenamn også, etter dét eg skjønar.) Fransk og engelsk royal, norsk rojal, spansk real, alt er ‘kongeleg’. Den ubeskjedne superliga-greia i Madrid tyder ‘kongeleg (klubb) Madrid’. Våre forfattarar tek imot akk så fortente ‘royalties’ (altså kongelege ‘prosentar’) på bøkene som vert selde i bokhandlane. Tvilar på om dei synst ordet er dekkjande.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.