Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om å retta Baker for Smith, og andre (ikkje så) uskuldige.

Kva er eit namn?

BIN LADEN: AKA ‘Ladensen’.

Derek Chauvin heiter politimannen som vart tiltalt for drap på George Floyd, Minneapolis i mai 2020. Namnet har gitt oss våre ord sjåvinist og sjåvinisme. Eg surrar ikkje (dét gjorde eg førre veke med storleiken på Biden-pakka). Keisar Napoleon hadde ein soldat med namnet Chauvin; fyren var uvanleg patriotisk og nasjonalistisk. Namnet er utbreidd i Vest-Frankrike og dermed også brukt ein del i Canada. ‘Chauvinisme’ entra det allmenne franske språket på 1830-talet, og då ordet seinare vart kjent i norsk, fekk det naturlegvis skrivemåten sjåvinisme. Fransk chauve tyder ‘hårlaus’. Namnet Chauvin ligg såleis tett opp til Skallagrimsson, sidan ‘skalla’ er hårlaus og ‘grim’ stygg. Den karen hadde òg drap på samvitet, utan synberr anger.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.