Natt til heilagdagen hadde eg ein merkeleg, smått mytologisk draum om Erna Solberg. Eg vil helst ikkje tru at eg har profetiske evner (særleg sidan mitt eige undermedvit truleg fortel meir om meg enn om statsministeren), men draumen er i alle fall vanskeleg å rista av seg. Eg har aldri møtt Erna Solberg, men no var eg heilt naturleg til stades i fødselsdagen hennar. Den filmatiske scenen var ikkje fanga i kaldt vinterlys på Geilo, men i varm sommarsol på ein ikonisk grøn grasbakke. Arrangementet var eit piknikselskap, der alle åt godsaker liggjande på pledd.
Akkurat nå
Draumen