Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Newfoundland

Leif Eirikson fann det som seinare skulle bli Newfoundland i år 1000 og kalla det Vinland. Og, om vi skal tru Wikipedia, i lende av New Brunswick, grensa for vokster av ville druer. Seinare oppdaga Joào Vaz Corte-Real landet på nytt og gav det det meste av sitt noverande namn; Terra Nova do Bacalhau (det nye landet av torsk), i 1497. Mange europearar kryssa etter kvart havet på grunn av det rike fisket, bland desse også etter det eg forstår Aksel Sandemose og hans alter ego Espen Arnakke. Sistnemnde drap også ein mann der, John Wakefield, truleg også eit pseudonym, i det herrens år 1916, eit drap Sandemose sjølv påstod, eller let fortelje, at han også hadde gjort, i røynda då, så som i bokform. Det er uansett ein bedriten ting å skryte av. Eg er elles ingen litterat, ingen historikar, om enn eg har eit grunnfag frå 1995.