Pergamotten

Det hadde vore nokre fine dagar i påska. I hestevegen min til skrås ut halli ned mot gardsromet hadde soli tæra burt vegasolen i utkant medan han var like tjukk i innkant. Vegen vart dugeleg skakk. So var det i dugurdsøykti ein dag i påskeviko at eg kom køyrande ut halli med eit vedalass, og det var sol over kvite fjell, og det var kvast føre etter nottekjøldi. Eg sat på lasset, og heile verdi var ein einaste stor smil. Då var det at høgremeien på bukken brått datt ned i utkanten av vegen, lasset valt ikkje, men eg vart send av garde hovudstups ut i snjøen, og eg kjende at eg støytte skallen mot eitkvart hardt. Hesten var det ikkje fårleg med, når eg dett av lasset og bannar på norsk, då stanar han.