Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om å gå vill

Av og til har eg vingla i skogen. Visste ikkje kor eg var. Kva gjorde eg då? Jau, då var det å finne stiga attende til der eg ikkje var vill. Av og til kunne det vera himmelretningar eg såg etter. Helst var det tre, steinar, bakkar og knausar som eg kjende att. Når eg då kom dit vinglinga starta kunne eg koma meg på rett veg.
Vi er inne i ei tid som har vingla. Fotavtrykka av kulturen vår er ikkje gode. Utviklinga peikar ikkje mot gode og stabile livsvilkår. Tvert om. Det er mykje som peikar mot kriser og katastrofe. Klimaet er i ulage. Talet på artar av livsformer som lever saman med oss minkar. Talet på insekt minkar radikalt.

Den kulturen vi lever i har tufta seg på kortsiktige vurderingar. Olje har vore avgjerande viktig. Den brenner vi opp. Jordbruket baserer seg på tilførsel av fosfor som vi står i fare for å gå tom for. Vi byggjer ned produktive areal. Berre i Noreg tek vi livsgrunnlaget frå 3000 menneske kvart år på grunn av bortfallet av produktiv jord.
Handel har vorte og er det store. Ufattelege mengder varer blir transportert. Det legg beslag på areal og det brukar opp fossil energi. Det er ikkje lenger ein snikkar som kjem og lagar skåpa i husa våre. Dei kjem godt innpakka og oftast frå eit anna land enn vi bur i.

Vi har lagt oss høgt i næringskjeda og gjev menneskemat til husdyr (kjøtkonsum) og laks som vi så sender halve jorda rundt. Dette sløseriet svarar om lag til ernæringsbehovet for alle som bur i Noreg.
Vi har vingla. Kor går vegen mot trygg framtid? Om vi går attover i tid, kor var det vinglinga starta? Professor i økonomi, Sigmund Borgan, sa det slik: «Den måten som vi dyrka på fram til 1950, kunne vi ha halde på med i 5000 år til.»
Det er tvillaust slik at det viktigaste elementet i vinglinga vår er knytt til dei oljedrikkande motorane. Det finst ingen annan god veg mot ei god framtid enn å skruve ned på transport, skruve ned på dei energikrevjande industriane. Slutte med å tømme jorda for slikt som det er lite av. Slå av gatelysa. Fylle jord på alle dei breie motorvegane vi ikkje treng og dyrke mat på dei i staden.

Vi lyt fremje hest som dragkraft. Vi lyt lovprise alt arbeid som kan utførast manuelt. Vi lyt på nytt få vind i segla. Vi bør overlate luftvegane til fuglane. Vi lyt kjenne på kor godt det er å få kvile etter ein dag med blodfriskt kroppsarbeid. Vi har hender. Dei har fått kvile altfor mykje.
Jon Bojer Godal,