Dordi Strøm
Flog
Roman
Samlaget 2020, 324 sider
«Flog» er eit mangetydig ord, slik Dordi Strøm understrekar når ho i innleiinga av sin romandebut trykker ordboksdefinisjonen av omgrepet. Det kan vise til ein fugl i flog, til å vere i fart, til brå sjukdom, til eit poetisk løft, til ei fjellside eller stup, til noko som ligg heilt inntil einannan. Det kan òg vise til «brett på ski eller mei», som vel er den einaste tydinga av ordet der eg ikkje greier å sjå ein direkte kopling med Strøms romantekst – som altså har fått namnet «Flog». Elles er det her, alt saman.