Far min var litt av ein skrue. Mange seier at eg er ein skrue òg. Eplet fell vel ikkje langt frå stamma. I mange år gjekk han til den lokale puben for å skylje munnen. Kvar dag rundt lunsjtider traska han ned til Vogna, som dei kalla staden, for å kjøpe tre halvlitrar. Han løfta dei bort til det faste bordet, sette seg ned og starta å drikke éin slurk frå kvart glas, heile tida i lik rekkefølgje. Dette repeterte han nesten kvar dag, og sjølv om dei etter kvart mange forskjellige tilsette bak disken kjente han godt, lura dei naturleg nok på kvifor han hadde denne underlege tradisjonen.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene