Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hjarte for arbeidsfolk

Lars Ove Seljestad i det nedlagde smelteverket i Odda sentrum. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen

Lars Ove er født og oppvaksen i eit stolt arbeidarmiljø i kraft- og industrisamfunnet Odda. Faren var fabrikkarbeidar og mora anleggskokke. Oppveksten har prega hans forfattarskap, kulturarbeid, vitskap og forsking i over 30 år. Ein raud tråd har vore arbeidsfolk sitt liv, industrien og industrisamfunnet.