Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gjer det lønsamt å ta seg sesongarbeid

RESSURS: Regjeringa vil sjå fleire hender i arbeid i fisket under pandemien. Her frå skreisesongen i 2016. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie

KORONAKRISA: Problem med å få tak i utanlandsk arbeidskraft gjer at regjeringa forenklar kombinasjonen av dagpengar og sesongarbeid i fiskeindustrien og i landbruket.

– Koronaepidemien har gjort det vanskelegare for sjømatindustrien å få tak i utanlandsk arbeidskraft. Samtidig er vi i ein situasjon der mange nordmenn er utan arbeid. Sjømatnæringa bidreg til matforsyninga nasjonalt og internasjonalt, og det er viktig at vi held hjula i gang. Vi håpar denne ordninga vil bidra til dette, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).