Kva ser du føre deg når du høyrer «talibankrigar»? Ein mann med skjegg, i lys kamíz med ammunisjons-bandolær? Du tenkjer truleg i alle fall ikkje på basketsko, men det er følgje amerikansk etterretning det sikraste teiknet på ein talibankrigar. «Follow the White High-Tops and You’ll Find the Taliban», skreiv The New York Times i går. Cheetahs er modellnamnet på den bestseljande, kvite skinnskoen produsert av pakistanske Servis. Skoen vart populær alt blant mujahedin i Afghanistan på 1980-talet. Seinare har han vorte eit symbol for frykt blant sivile og for valdeleg motstand blant amerikanske invasjonsstyrkar.
Talibanmote
Vondskapens joggesko?
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/2060fc53ea2222957002d1291e5d5d5746c397b9-225x211.jpg?w=225)