Kyrkjegarden er endestasjonen vår. Dumpen av jord, den siste lyden vi ikkje får med. Uverkeleg medan vi, enno meir og mindre, «lønnlig iblant oss vi går». Ei kråke hakkar på noko eg ikkje vil sjå nærare på. Marmorenglane her og der, stikk sine blodfattige fingrar rett opp.