Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bragd: Sigrun Slapgard har skive eit gripande

Bak nasjonale stereotypar

FLEIRTYDIG: Slapgard skriv om Wilhelm Holst. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN Christopher Olsson/littleimagebank

I desse tider skal ein vere varsam med å meine noko om norske motstandsfolk under andre verdskrigen, men ein tanke melder seg automatisk mens eg les Sigrun Slapgards biografi om spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst frå Drammen: Historia si har norske motstandsfolk, direkte eller indirekte, skrive sjølv, og ho er heilnorsk. Annleis kan det ikkje forklarast at eit så dramatisk, menneskeleg gripande og historisk høginteressant kapittel i denne forteljinga først blir skrive no. Om fienden var felles, gjekk kampen den skildrar føre seg på andre slagmarker enn den norske, og han blei utkjempa av ein mann som budde så lenge i utlandet at det norske passet hans til slutt var gløymt.