Prisdokumentar klar
NOTERT:

Den norskproduserte filmen «Radiograph of a Family» vann sist veke to prisar under ein av verdas viktigaste dokumentarfestivalar, IDFA i Amsterdam. Den personlege familiehistoria til den iransk-sveitsiske regissøren Firouzeh Khosrovani vart tildelt både hovudprisen og prisen for kreativ bruk av arkivmateriale. Filmen skildrar korleis den iranske revolusjonen splitta Khosrovanis familie, og første sjanse til å sjå dokumentaren i Noreg, er tre digitale visningar under den pågåande Film fra Sør. GK
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent