Juliane Rui
Snurr mi eng
Dikt
Samlaget 2020, 49 sider
Det første som slår meg når eg les Juliane Rui sine dikt, er at dette er useieleg vakkert. Og at eg ikkje forstår ein meter av det. Eg les nokre dikt som inneheld nydelege formuleringar om ei mor og eit barn som undrar seg over naturen saman. Men dette er einskildformuleringar. Meir overgripande er det ikkje til å forstå kva det handlar om. Før det langsamt byrjar å demra for meg at det er dette som er saka. At det handlar om samband som er av ein slik art at ein bare kan ana dei, ikkje forstå dei.