Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oktober, November

Saka om Per Marius Weidner-Olsens debutroman «Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen» rullar vidare. I starten av oktober avslutta som kjent Forlaget Oktober samarbeidet med Weidner-Olsen, fordi han ikkje hadde opplyst om ein straffedom han fekk 17 år tidlegare. No har Weidner-Olsen starta sitt eige forlag, med namnet November. Der relanserer han debutromanen med nytt omslag. At boka i mellomtida har blitt nominert til Brageprisen kan gi eit visst salspotensial for det nystarta forlaget, som har selskapet BoldBooks i ryggen. Kva slags andre titlar som står på vårlista er førebels ukjent.