Mange tablå og lite dveling i ei dramatisering som ikkje levde opp til romanens nivå.
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Simon Stranger.
Dramatisert av: Anne Birgitte Holtan.
Regi: Maren E. Bjørseth.
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe.
Koreografi: Ida Wigdel.
Lysdesign: Eivind Myren.
Videodesign: Stein Jørgen Øien.
Lyddesign: Alf Lund Godbolt.
Med: Kenneth Homstad, Duc Mai-The, Mira Dyrnes Askelund, Maria Omarsdottir Austgulen, Ida Göransson, Mats Moe, Hildegunn Eggen og Hans Petter Nilsen.
For to år sidan gav Simon Stranger ut romanen «Leksikon om lys og mørke». Der fortel han den bisarre historia om sin jødiske svigerfamilie som berre nokre få år etter krigen busette seg i Rinnanbandens berykta «bandekloster» i Trondheim. Med utgangspunkt i ein snublestein etter konas oldefar, Hirsch Komissar, har han nøsta opp to heilt ulike, men samstundes relativt parallelle historier. Han følgjer Norges verste torturist, Henry Oliver Rinnan, frå oppvekst som mobbeoffer i Levanger og til hans Sonderabteilung Lola under krigen der han fekk rekvirert ein villa i Jonsvannsveien og nytta den til festing, tortur og likvidering.