Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vesentleg: Kaja Schjerven Mollerin har satt saman ei vidtfamnande bok.

Møte med Bjørneboe

På veg heim frå Bryne til Ogna nyleg, møtte eg heilt uventa Jens Bjørneboe. Og det i heimbygda mi, endåtil. Eg skulle ikkje ha stoppa der, men det er ikkje alt ein rår over. Frå Bryne var alle toga innstilte, og eg hamna på buss for tog. Bussen stoppa på Nærbø, men der gjekk det ingen tog vidare sørover. Ingen info. Stille. Eg sette meg utanfor Haldeplassen Pub og lurte på kva som nå skulle skje. Ein mann med salt-og-pepar-skjegg kom bort og spurte om eg hadde tid til å bli med han, for han hadde noko han ville visa meg. Eg drog på det, men då han sa han kunne køyra meg heim etterpå, vart eg med. Han førte meg gjennom eit underjordisk rom, opp ei trapp, inn i ein heis og opp i ein bustad. Og der, på gangen, stod Jens Bjørneboe.