Salmo sanctus

Ein ny fiskeart er over 40 år utvikla i Noreg. Den er heilag og difor er namnet salmo sanctus. Rett nok er den i slekt med salmo salar, den ville atlanterhavslaksen som no berre utgjer 1/1000 av talet på oppdrettslaks. Men den nye arten er meir eit svin som på to-tre år et seg feit på vegetabilsk fôr. Mykje er soya frå skogane i Amazonas. Dei vert brunne ned av fattige bønder for at oppdrettseigarane skal bli rikare enn rikast. På lista over storingane i Noreg vert det fleire og fleire som er blitt rike på symjande dyr i bur. Størst av alle er John Fredriksen, eigar av Marine Harvest som må ha fått så dårleg rykte at namnet vart Mowi. No det største lakseføretaket i verda. Kva tenkjer norske John F. om indianarane i regnskogen?